Vis omsyn i naturen

Det er mange flotte stader å ferdast i naturen i Stad. Hugs å ta omsyn til innmark og rydd opp etter deg.

Med retten til å ferdast i naturen følgjer det også nokre plikter:

  • ikkje gå over dyrka mark, gjennom tun eller nær bebodde hus og hytter
  • væe forsiktig når du ferdast på fjellet og i skogen
  • ikkje forstyr dyre- og fugleliv, særleg i yngle- og hekketida
  • ikkje forstyr husdyr på beite
  • respektere andre brukarar av naturen
  • ta med deg søppelet ditt heim

Det er mykje nytting informasjon om kva som er lov og ikkje på Miljødirektoratet sine sider.

https://www.miljodirektoratet.no/for-private/friluftsliv-og-allemannsretten/

God tur!