Vestkapp

496 meter over Stadhavet, på fjellplatået Kjerringa, ligg vakre Vestkapp som er eit av dei mest spektakulære utsiktpunkta på kysten av Norge. Fjellklippa er nesten flat på toppen og stuper bratt ned i havet. Vestkapp er et turistmål med flat vidde, bratte skrentar og imponerande panoramautsikt i alle himmelretningar.

På godvêrsdagar har ein panoramautsikt i alle himmelretningar, til Sunnmørsalpane, Hornelen, Ålfotbreen og det frykta Stadhavet. 

På Vestkapp finn du det verste og beste vêret, den beste utsikta og ei unik historie med særprega kulturtradisjonar. Vestkapp gir deg ekstreme opplevingar i behagelege omgjevnader.

Området er kjent for skiftande vêr, frå speilblankt hav til storm og orkan. I løpet av kort tid kan tåke legge seg over Kjerringa og Vestkapp. Sjøvegen rundt Stad og Vestkapp er berykta for sine straumar og raskt skiftande vêr. Mange skip har enda ferda si i desse farvatna, som omtalast som eit av dei mest vêrharde områdane i Norge.

På dei få kilometerane frå Sildegapet i sør til Ervik i nord er det lokalisert heile 58 skipsvrak.

Å gå på fjelltur på Stadhalvøya er ei spesiell oppleving fordi ein har utsyn mot det mektige storhavet samstundes som ein er høgt til fjells.

I Vestkapphuset finn du Vestkapp Restaurant. Her kan du nyte ein betre, lokal lunsj og middag med ei fantastisk utsikt i skiftande vêrforhold!

Radar Stad På toppen av Vestkapp står «Radar Stad». Dette er ein av meterologisk institutt sine vêrradarar. Den har stått der sidan oktober 2009 og er den åttande vêrradaren i landet. Radar Stad er reist som ei stor, kvit kule på eit tårn av naturstein. Steinen som er brukt til å bygge tårenet er funnet i Selje kommune.

Tårnet framstår som ein skulptur i det opne landskapet ved havet og har blitt eit kjennemerke på Vestkapp.

Korleis kome seg til Vestkapp? Vestkapp ligg ytterst på Stadlandet. Det tar ca. 20 min med bil frå Leikanger, ca. 40 min frå Selje og 1,5 timar frå Nordfjordeid eller Måløy. På vegen til Vestkapp køyre du forbi Ervik. Ervik er òg ein fin plass å stoppe med St. Svitun kappelet eller den flotte bade/surfestranda: Erviksanden.

Vegen opp til Vestkapp er smal, men har god vegsikt oppover og nedover. Det er ikkje bompengar på vegen. Vegen opp til utsiktsplatået er stengt om vinteren, men om vêret er bra kan du gå frå FV633 (ca. 3 km).

Det er mogeleg å kome seg opp til Vestkapp med bobil og buss, ver obs på møteplassar pga smal veg.

Tlf: 908 19 825

Web: www.nordfjord.no

Relaterte sider