Turar i fjell og fjøre

Hogaråsa

Denne kulturløypa tek deg frå den gamle eksersisplassen på Nordfjordeid til skytebana soldatane brukte på Vårsetra.  Kulturløypa er ein av dei to vegane dei brukte på veg til skytebana, og går via den freda Hogaråsa som er tidfesta til ca år 1500, men som mest truleg er endå eldre.

Turboka «Til Fjells»

Turboka «Til Fjells» har samla dei mest  populære fjellturane i tidlegare Eid kommune. Her skildrar folk med stor lokalkunnskap korleis du enklast mogleg skal kome deg til og frå turstiane i kommunen, og ikkje minst kva du kan sjå og oppleve på turen. Fleire av turane kan gåast på ski eller truger om vinteren.

Under kan du laste ned delar av, eller heile boka, i pdf-format. «Til fjells» er også til sals på Totlands bokhandel for kr. 328,-. I boka ligg der vedlagt turkart.  God tur! 

Til Fjells – Intro
Sørsida av Eidsfjorden
Lote – Hennebygda
Holmøyvik – Skauset
Heggjabygda
Hjelle – Stigedalen – Bjørlo
Nord for Nordfjordeid sentrum
Haugen – Harpefossen
Stårheim
Kjølsdalen

Naturmøteplassar

Ved Navestøylen i Kjølsdalen har Trekløveret 4H laga ein naturmøteplass som er eit flott og lett tilgjengleg turmål for alle. På Gildra på Hjelle har Hestehoven 4H laga til ein flott naturmøteplass med fin utsikt. I skogen ved Orheim på Stårheim har Fredig 4H laga til ein fin naturmøteplass. Dei planlegg også ein naturmøteplass ved sjøen i Stårheim sentrum (ferdig i 2020). Naturmøteplassar finn ein også på Bryggja ved Lefdalsvatnet, på Utsikten i Nordfjordeid sentrum og fleire i Stigedalen og på Harpefossen.

Setrane i Stad

Det er over 70 setrar i tidligare Eid kommune, og fleire av dei er særs godt tekne vare på og er viktige kulturminne. Det går skogsvegar til ei rekke setrar, noko som gjer det lett å ta seg fram til dei. Hjellesetra er ei av desse, og denne setra har også nasjonal interesse som følgje av at den er så godt teken vare på.

På Sagesetra i  Fladalen er der framleis drift på sommarstida då kyrne går der på beite. Også på Lotsstøylen har der vore drift heilt fram til no.

Dei veglause gardane på Åsane (sti frå Lotsberg på Lote eller frå vegen til Hennebygda) er også eit turmål i særklasse.

Turar på Harpefossen:

Rundtur Tippaskogen. 8 km – 2 t

Turen går delvis på den verna Trond-hjemske Postveg mellom Nordfjord og Sunnmøre, og over fleire gamle setervollar i Hjelmelandsdalen. Dette, og den gamle steinbrua over Ljosurelva og merke-steinane lags Postvegen, gjev turen eit kulturhistorisk tilsnitt. Dette er ein rundtur på grus- og skogsveg i relativt slakt skogs- og fjellbeitelandskap.Last ned turbeskrivelse med kart

Rundtur Blåsvenyken og Lidavarden. 11 km – 4 t

Rundturen gir en mangfaldig oppleving; setermiljøa på Nakkesetra og Tippasetra, den fredelige Tippadalen, kneika opp til Blåsvednyken som nesten byr på klyving, storslagen utsikt mot Ålfotbreen i sør og deler av Sunnmørsalpene i nord, samt Nordfjorden og ned i Hjelmelandsdalen.Last ned turbeskrivelse med kart

Rundtur Slåttefjellet. 9 km – 3 t

Slåttefjellet er ein topp med god utsikt i alle retningar, men samstundes ein lett topp å kome til heilt frå botnen av dalen. Denne rundturen går gjennom idylliske setremiljø, gjennom bjørk- og furuskog til høgfjellsterreng, for så å returnere gjennom den slake og fredelege Tippa-dalen.Last ned turbeskrivelse med kart

Harpefossen til Fossane. 5 (9) km – 2 (3) t

Denne enkle turen går frå Harpefossen til Fossane som ligg rett i overkant av Nordfjordeid sentrum. På denne turen får ein mellom anna oppleve idylliske setremiljø, frodige dalar og høgfjellsterreng.Last ned turbeskrivelse med kart

Rundtur Storegga. 7 km – 2 t

Lett tilgjengelig topp som likevel gjev euin luftig følelse og svært god utsikt i alle retningar. Passar fin som ettermiddagstur for å sjå sola gå ned i havet. Frå Storegga er løypa merka ned på nordsida rundt fiskevatna Storeggvatnet og Kjenndalsvatnet.Last ned turbeskrivelse med kart

Furehogane til Bakke. 10 km 4 t

Turen går i fyrste halvdel i variert fjellterreng, medan siste halvdel ned mot bakke er på skogsbilveg. Innhaldsrik tur forbi mange fiskevatn, små fjelltoppar, lans elvar , fossefall, demneingar og den storslåtte naturen ned gjennom Kloven.Last ned turbeskrivelse med kart

Rundtur Kloven. 14 km – 5 t

Turen går frå Harpefossen opp til Furehogane og vidare i variert fjellterreng over til Kloven og ned til Nesbakken kor ein fylgjer bygdevegar og skogsbilvegar tilbake til utgangspunktet på Harpefossen. Dette er ein innhaldsrik tur forbi mange fiskevatn, små fjelltoppar, langs elvar, fossefall og demningar og den storslåtte naturen ned gjennom Kloven. Last ned turbeskrivelse med kart

Furehogane til Sandegga. 6 km – 5 t (t/r)

Sandegga 1272 m.o.h. (Klakken) er ein av dei høgaste fjelltoppane i området, men likevel lett tilgjengelig med relativ slak oppstiging og ikkje noko form for klatring. Utsikta er spektakulær med utsyn fjorden, havet Sunnmørsalpane og breane, over mot den næraste fjelltoppen Felden og rett ned i Lauvdalen.Last ned turbeskrivelse med kart

Rundtur Ljøsuregga. 9 km – 4 t

Ljøsuregga er den høhste toppen ein ser frå Hjelmelandsdalen. Trass spektakulære stup og egge over  til Store Toren på nordsida, er toppen relativt lett tilgjengelig frå vestvia Kjenndalen. Namnet på toppen kjem av at fjellet består stort sett av ur, men utsikta frå  toppen er vel verd turen.Last ned turbeskrivelse med kart

Rundtur Brekkelida. 6 km – 2 t

Dette er ein typisk famlietur som kan gjennomførast i all slags ver, gjerne kombinert med sykkel. Mesteparten av turen går langs den idylliske Trondhjemske postveg, men med ein fin avstikkar rundt Brekkelida kor ein har flott utsikt over Hjelmelandsdalen.Last ned turbeskrivelse med kart

Rundtur Krokane. 3 km – 0,5 t

Dette er ein flott ettermiddagstur eller ein koseleg familietur med små born. Turen går både på grusveg og barklagde stiar, og om vinteren er det preparert skiløype langs ruta.Last ned turbeskrivelse med kart

Rundtur Grønelida. 7 km – 2 t

Dette er ein variert, men likevel enkel tur, som går både på grusveg, sti og i terrenget. På turen får ein oppleve idylliske setremiljø, hyttefelt og grøne lider. Last ned turbeskrivelse med kart

Rundtur Grimeskaret. 14 km – 5 t

Dette er den lengste turen som er merka frå Harpefossen,  og løypa innbyr til varierte naturopplevingar. Først gjennom setremiljø og gjennom den fredelege Tippadalen, vidare langs Fossevatnet over til det ville Grimeskaret kor ein finn idylliske fiskevatn, luftige stiar og grøne lider med beitande sauer høgt til fjells, før turen avsluttast langs postvegen.Last ned turbeskrivelse med kart

Skisenteret rundt. 7 km – 2 t

Turen rundt skisenteret er ein relativt kort tur, men likevel med mange høgdemeter (500). Turen går opp til toppen av fjellheisen, kor det er god utsikt over dalen og fjorden, mens turen ned går via skitrekket på Furuhogane og hyttegrenda.Last ned turbeskrivelse med kart

Furehogane til Steinegga. 4 km – 2 t (t/r)

Frå vinterfeien til påske er det køyrt opp skiløype med trakkemaskin, men turen går i høgfjellet og du bør vere utrusta i forhold til vêr og føre. og vurdere både fjellski og utstyr i forhold til dårlig vêr. Last ned turbeskrivelse med kart

Relaterte sider