T-tur Eid 2020

I 2017 starta vi med T-tur i Midtre Nordfjord Turlag. Vi har T-tur Eid og T-tur Gloppen, der vi har 10 postar pr år. T-tur er eit tilbod til ungdom og vaksne, dei yngste har tilsvarande i Barnas Turlag. Turane har vi beskrive kort under, dei fleste turane er registrert på Ut.no. Ut.no kan du sjå på via app, eller via https://www.ut.no/. Vi har laga klippekort som du kan klippe på kvar post, eller du kan bruke SjekkUt – appen til Den Norske Turistforeninga.

T-tur-kort får du gratis på Chatlet Eid og Chatlet Sandane

Premiering til alle medlemmar som har gått på 7 turar, eller meir. I tilllegg har vi trekning av verdikort for dei som har gått alle 10 turane. Verdikortet er på kr 1000 på Chatlet!

Alle kan delta på T-tur gratis, enten du er medlem eller ikkje. Dei fleste turane har T-tur-skilt som markerer startpunkt.

Relaterte sider