Sunnivafestivalen 2020

Bli med på flotte festivaldagar i Selje!

7. september 2020 er det 850 år sidan levningane av den irsk-fødde helgenen St. Sunniva blei overført frå Selja til Bergen.
I høve jubileet, med inspirasjon i legenda om St Sunniva, vernehelgen for vestlendingar inviterer Stad kommune til festivaldagar i Selje med program fredag og laurdag.

På fredag blir det frukostseminar på Stad hotell om berekraftig reiseliv, og FN-sambandet kjem og skal ha fokus på bærekraftmåla. Kveldsbøn i kyrkja med påfølgjande fakkeltog på Seljesanden, og Sunnivaskrinet blir frakta til Selja.

På laurdag er det gudsteneste på Selja og program i sentrum etterpå.

Meir program er på veg. Følg med for meir informasjon!

Her kan du lese om foreløpig program i Bergen: https://kirken.no/nn-NO/bispedommer/bjorgvin-bispedome/kalender/sunnivafestivalen%204-12.09.20/

Relaterte sider