Selje

I sentrum av Selje finn du daglegvarebutikk, bensinstasjon, gatekjøkken, frisør, park, fotballbane, kafear, gjestehamn med vatn og straum, overnatting og sandstrand.

Seljesanden strekke seg mellom sentrum og kyrkje og ligg som ei flott lita perle for innbyggjarar og tilreisande. Her er flott å bade, samt drive vannsport som kajakk og vannski. Når vinden er sterk vind i riktig retning er det og fint med vindsurfing.

Bygda har fleire bedrifter med både nasjonal og internasjonal marknad.
Wald og Asbjørn Drageseth var pionerane som sto for oppbygging av industrien i bygda.
Selje Skjortefabrikk vart bygd i sentrum av Selje etter andre verdskrigen.
I dag har bedrifta skifta namn til Uniformpartner AS og har hovudkontor i Oslo. I Selje er det i dag systove med tilpassing av produkt i form av saum, rettearbeid, brodering og trykk.
Ut frå Selje Skjortefabrikk kom Selje Bruk i 1961, seinare Saga Trading, med sin plastbåtproduksjon, Selje Hotell i 1975 og Selje Plastindustri 1976, seinare Selantic Industrier, som i si tid produserte redningsutstyr til skipsfart og oljeverksemd.

Saga Boats AS (tidlegare Selje Bruk) er ei familieeigd bedrift som har vore i same familie heilt sidan etablering i 1960. All produksjon skjer i eige anlegg i Selje, og er ein av dei ledande produsentar av fritidsbåtar i Norge.
Saga Boats AS eksporterer ein stor del av årsproduksjonen til den Europeiske marknaden og Saga er eit varemerke med kvalitetsstempel både i Norge og i utlandet.

Selje hotell vart bygd i 1975, rett ovanfor Seljesanden. I 2016 vart hotellet råka av brann, og har etter dette vore stengt.
Nytt hotell er under planlegging på den gamle hotelltomta.

Paneda tilbyr innovative og kostnadseffektive DAB-løsninger, innan sikkerhetssystem, kringkastingsnett og kringkastingssystem. Over 200 tunnelar i Norge er utstyrt med Paneda-system.
Vidare overvakar og driftar firmaet eit TV-nettverk med 200 sendarar, bygd og eid av Paneda.

Relaterte sider