Pilegrim i Selje

Selje er eitt av dei 4 regionale pilegrimssentera på kystpilegrimsleia. Kystpilegrimsleia er ei av dei 9 godkjende pilegrimsleiene og europeiske kulturvegar i Noreg. Leia er ein del av St. Olavsvegane til Trondheim og Nidaros. Nøkkelstaden/heilagmålet i Selje er øya Selja og klosteranlegget der. Selja er også målet for Sunnivaleia – ei pilegrimsvandring som knyter saman dei to heilage øyane Kinn og Selja. Sunnivaleia er også del av kystpilegrimsleia.

Selja vart i 996 det første pilegrimsmålet i landet då Olav Tryggvasson fann relikviar opp i hola som legenda fortel var her Sankta Sunniva leid martyrdøden. Sankta Sunniva, den gudfryktige kongsdottera, som flykta
frå Irland då ho mot sin vilje skulle giftast bort til ein heidensk vikinghøvding.

Gjennom heile mellomalderen valfarta pilegrimar til Selja for å ære Sta. Sunniva og Seljumennene. Sunnivahellaren oppe i fjellsida ved klosteranlegget, seiast å vere fødestaden til kyrkja i Noreg.
Øya Selja er ei av dei heilage øyene som finst rundt om i verda. The Holy Island of the North. Ho er framleis eit lite katolsk bispedøme. I dag kjem pilegrimar igjen til Selja, og vi ønskjer å legge best mogleg til
rette for deg.

Pilegrimsarbeidet skal ha ei tydelig kyrkjeleg forankring, men skal samtidig
være open og inkluderande for menneske med ulik tru, kultur og tradisjon.
I brosjyra vår finn du m.a. informasjon om båtruter og vandrestiar ute på øya Selja, kyrkjene våre og nokre viktige turvegar som vi trur har vore vegar for pilegrimar i tidlegare tider. Vegen over Berstadeidet er
også ei vandring på Sunnivaleia, som også er del av kystpilegrimsleia.

Vi ønskjer deg velkommen til Selje, og nøl ikkje med å ta kontakt!

For meir informasjon, Facebook: Selje pilegrimssenter og www.seljakloster.com

Tlf: 404 46 011
E-post: selje.turistinfo@stad.kommune.no

Relaterte sider