Fjordhest

Norsk Fjordhestsenter

På Norsk Fjordhestsenter får du møte ein av verdas eldste hesterasar - fjordhesten.

Norskfjordhestsenter har omvisingar, leieturar og rideturar kvardag frå 14. juni til 15. august.

Nordfjordeid vert kalla fjordhestens Mekka. Årsaken er historisk, med dei lange og gode hestetradisjonane som bygda er kjent for. Det har vore arrangert hingsteutstilling her sidan 1886. I dag er fjordhestmiljøet aktivt med mange oppdrettarar og eigarar av fjordhest. Det er i dette tradisjonsrike hestemiljøet at Norsk Fjordhestsenter er plassert, og det er ikkje uvanleg å møte fjordhest langs vegen.

Norsk Fjordhestsenter er eit kompetansesenter for fjordhesten, med informasjons- og rådgivingsteneste for alle forhold rundt denne heilnorske hesten. Ei av hovudoppgåvene er å fremje avl og bruk av fjordhesten. . Det er også stor kursaktivitet ved senteret gjennom året, og Fjordane folkehøgskule har si undervisning her.

Vår og sommar er det høg aktivitet ved seminstasjonen, der hopper frå heile landet får tilbod om inseminering frå gode fjordhesthingstar.

For grupper kan vi skreddarsy opplegg og tilpasse tidspunkt.

www.norskfjordhestsenter.no
Tel.: 57 86 48 00
booking@norsk-fjordhestsenter.no

Opningstider i sommarsesongen:
Kvardagar 10-15, helg 11-15.

Foto: Norsk Fjordhestsenter/ Visit Nordfjord

Relaterte sider