Leikanger

Største bygda på nordsida av Stadlandet ligg idyllisk til med flott utsikt mot både hav og fjord.

I sentrum som kallast Korsen finn du daglegvarebutikk, frisør, hotell, restaurant, byggevarebutikk, rørlegger, kafe og pub.

Herfrå er det kort veg til mange flotte fjellturar og meir spektakulær natur i dei andre småbygdene.

Det er mange industribedrifter med stor nasjonal og internasjonal marknad i bygda:
Stadpipe
Stadpipe ligg sentralt i høve all verdiskapninga langs vestlandskysten. Dei har store og små kundar, i heile Norge og i utlandet.
Sidan selskapet starta i 1995, har det utvikla seg til å bli blant landets fremste spesialistar på avanserte rørsystem.
stadpipe.no

Ervik Havfiske
Ervik Havfiske er det leiande linebåtrederiet i Noreg og mellom dei største når det kjem til fangstverdi.
Sjøfrossen linefanga fisk er selskapet sitt hovudprodukt, og fisken vert omsatt i ein global marknad.
Ervik Havfiske Gruppa består av over 30 selskap som i samarbeid driftar og betjener den store linebåtflåta. Gruppa er leiande innan forsking og utvikling. Flåten består av 10 havgåande autolinebåtar, og flaggskipet MS Frøyanes er verdas største linebåt.
Rederiet er også engasjert i vaktfartøy innan offshore, verkstad og forsyning.
ervikhavfiske.no

Per Stave AS
I moderne lokale på Stadlandet held den tradisjonsrike familiebedrifta Per Stave AS til. Sidan 1974 har dei produsert lutefisk og tørrfisk for sal i butikkar, og har eige fiskemottak. For dei er ikkje fisken berre ei inntektskjelde, men også ein tradisjon det er viktig å føre vidare til neste generasjon.
perstave.no

Relaterte sider