Lån utstyr på BUA

BUA Eid og BUA Selje har gratis utlån av utstyr til friluftsliv og aktivitet til privatpersonar, barnehagar, skular, lag og organisasjonar i Stad kommune.

BUA i Stad kommune er eit tiltak for å auke fysisk aktivitet, sosial inkludering og aktivitetsglede i kommunen vår. Hovudmålgruppa er barn og unge, og BUA står for barn og unge i aktivitet.

BUA Eid og BUA Selje har utstyr til både sommar og vinteraktivitetar; til overnatting, matlaging, fisking, sykling, padling, leik m.m. Du kan låne utstyr til akkurat det du likar eller utfordre deg med aktivitetar du aldri har prøvd før!

Velkomne innom BUA, både på Eid og i Selje!

Sjå www.bua.io eller følg oss på facebook for oppdatert informasjon om opningstider og anna.

Relaterte sider