Kulturarv

Vi har ein rik kulturarv i Stad kommune, og kvar bygd har sine spesielle kulturminne som er omtala i dei to kulturarvplanane. På sikt vil desse bli samla i eit plandokument for Stad kommune.

https://www.facebook.com/kulturarvenistad/

Dei utvalde kulturminna i Eid er

  • Veganlegget gjennom Hogaåsen og vidare.
  • Gravhaugane Rundehogjen og Skjoratippen på Myklebust.
  • Bautasteinane på Naustdal.
  • Kyrkjestadane Eid og Stårheim.
  • Steingardar som eit typisk kulturminne.
  • Gardane på Åsane: Spesielle kulturmiljø og kulturlandskap.
  • Setrane i kommunen.
  • Fjordhesten: Rasen har eit vern av status som urhest og er av nasjonal verdi. www.norsk-fjordhestsenter.no
  • Båtstøene og naustmiljøa, som td. Årdalsvika.
  • Kulturlandskap, som td. Orheimsvika.
  • Den gamle postvegen over Brekka.
  • Kraftverket ved Kviafossen i Eidselva.
  • Kulturmiljøet ved Yris hotell.
  • Holmøy Arbeidsskule med tilhøyrande kulturmiljø.
  • Eidsgata/Tverrgata og Myklebustgardane.
  • Eksersisplassen med tilhøyrande anlegg som skytebana på Vårsetra.
  • Lag- og organisasjonslivet

Dei utvalde kulturminna i Selje er:

  • Selja kloster
  • Kyrkjene og kyrkjegardane i Selje, på Stadlandet og i Ervika
  • Prestegarden i Selje
  • Kongshaugen og området kring korset på Dragseidet
  • Gravrøyser og runesteinen på Barmen
  • Molo og naust i Hoddevika, på Fure, Drage og i
  • Røysetstranda
  • Sjøbuder Barmen/Svinevika, naustmiljøet ved Selje kyrkje
  • Krigsminna på Hovden og Storeneset
  • Bygningsmiljø i Korsen
  • Klyngetunet på Fure
  • Keila på Flatraket
  • Budene/gamle hus i Selje sentrum
  • Grytting naturminne
  • Helleristinga på Drage
  • Kongevegen over Mannseidet
  • Ferdselsvegen over Dragseidet
  • Postvegen over Berstadeidet
  • Kulturlandskapet Hoddevik-Liset
  • Kunstmålarane i Selje
  • Historia til Magda på Årsheim
  • Kystgeita – truga rase

Relaterte sider