Kjøde

Kjøde er den sørlegaste bygda på nordsida av stadhalvøya og er ei idyllisk lita bygd med lang historie.

I uminnelege tider har folk nytta vegen over Mannseidet mellom Moldefjorden og Kjøde i staden for å gje seg i kast med det farlege Stadhavet. Ei ferd over Mannseidet i dag er ei ferd gjennom delar av norsk vegbygging si historie. Vegen er ein av dei eldste opparbeidde vegane på Vestlandet, og er nemnd både i Snorre og i Eigilssoga.

Vegen over eidet er ca. 3 km lang med en vegbane dekka av vegetasjon. Den er stort sett fri for tre og busker, og fleire stader er vegen kryssa av nyare vegar. Pilegrimar nytta Mannseidet på ferda si til den heila øya Selja.

Når ein kjem køyrande inn i Stad kommune nordafrå er Skorge den fyrste av åtte gardar ein kjem til. Fleire av gardane i Kjøde er nemnde så langt tilbake som i 1563, og gardsnamna er framleis i bruk i dag.

Bratte fjell og trong fjord gjer at soltilhøva i Kjøde ikkje er dei beste, men garden Lille-Kjøde, som ligg på vestsida av inste Kjødepollen i eit noko brattare lende, har frå gamalt vore rekna som ein gard med gode soltilhøve. Garden ligg og skjerma frå den verste havvinden.

Kjødepollen brevhus blei oppretta 01.10.1949. Post til og frå staden blei sendt med bipostrute 4915 Måløy – Stadlandet. Kjødepollen brevhus var ein instistusjon i bygda fram til dette vart nedlagt 01.11.1983.

Lengst inne i Kjødepolljen er der ein kraftstasjon og ei rørgate. Langs rørgata er det bygd ei tretrapp, kalla Tusentrinnstrappa. På toppen av trappa er det flott utsikt ned att til fjorden. Det går ein bratt sti vidare oppover fra trappa. Når ein kjem heilt i himmelsjå åpner det seg eit flott turterreng med fleire veivalg og mange fiskevatn.

Det er i Kjødepolljen, Stad skipstunnel skal ha innslag/utslag. Frå midt på 1980-talet har det vorte arbeidd aktivt for å få starte med å sprenge ut ein 1.800 meter lang skipstunnel frå Eide i Moldefjorden, under Mannseidet, til Kjødepollen på nordaustsida av Stadhalvøya.
Les meir her: https://skipstunnel.no/

Relaterte sider