Sudstranda

Vi har mange fine turalternativ her i bygda Sudstranda. Sudstranda femner om grendene Skåpavik, Holmøyvik, Storevik, Holmøy, Rognes og Skrede.

I denne samanheng vil eg spesielt nemne : Gangveg frå Holmøyvik til Holmøy Utigardsaga – ca 2 km med grusveg. Store delar av vegen går langs Hornindalsvatnet.

Her er også merka ca 20 km med stiar i skog og fjell. Det er merka 3 stiar til Glittereggja, høgaste fjellet i Stad Kommune.

For betre tekst og bilder viser eg til www.nytnaturen.no.  Under Nordfjordeid er der mange fine skildringar og bilder av turar.  Frå Sudstranda er det bl.a.  medteke  turar til Vikasætra, Holmøysætra, Rognessætra, Sonjahytta, gangvegen m.fl.

Relaterte sider