Hennebygda

Hennebygda ligg midt i Nordfjord, ved Nordfjorden.

Panoramavegen langs Nordfjorden frå Blekjesvingen i Stryn til Lote er ein flott kjøre tur. Men når du kjører langs vegen, sving av og besøk Hennebygda. Bygda strekker seg frå fjorden og heilt opp til gardane Ladehaug på 250 meter over havet. Hennebygda er frå gamalt av ei frukt og bær bygd, grunna det milde klimaet. Det er mogleg å gå fleire fot turar. Turen Hennebygda, til dei veglause gardane Åsane og vidare ut til Lotsberg er ein fin tur. Hennjeskaret,  Svartegga og dei tre stylane i bygda er og fine fotturar.  Eller du kan parkere bilen og gå rundt neste delen av bygda, ein tur på ca ein time. Bygda ligg !5 min frå Nordfjordeid 30 min frå Stryn og Sandane.

Relaterte sider