Barmen

Øya Barmen ligg i flott vestlandsnatur på 62. breiddegrad i Selje kommune, ytst i Nordfjord, mellom den mektige Stadhalvøya og storhavet i vest. Barmen har ein natur som kombinerer hav og fjell. Her er det korte avstandar frå eit hav rikt på fisk til flott turterreng i fjellet.

På austsida av øya ved Korsneset (i eit område med mange gravrøyser og bautasteinar) står det ein runestein (Barmensteinen) med eldre runer. Det er usemje om datering og tyding av innskrifta på steinen. Runespesialisten Magnus Olsen har datert innskrifta til 400-450 e.Kr, medan dr.philos Kjell Aarthun meiner ho er mykje eldre og høyrer til bronsealderen (1500-500 f.Kr).

Fiske er og populært på Barmen, spesielt ferskvassfiske i små vatn på øya.

For å få eit inntrykk av både geografi, næringsliv og folket på Barmen er det nok best å sjølv besøkje øya. Så det er berre å ta turen! Øya har fire bygder: Barmen, Røyset, Vikja og Fjellet.

Barmen er den første bygda ein kjem til med ferja. Dette er den største bygda på øya. I tillegg til at ferjeselskapet som i dag driftar ferjesambandet, finn ein her fleire turistverksemder som driv med både båtutleige, hytteutleige og fiskeopplevingar. Her bur det både skuleborn og vaksne som pendlar til fastlandet kvar yrkedag. På dei fleste bruka held ein gammalnorsk sau, slik at grenda er fin og grøn. Etter ein fem kilometer lang biltur langs Røysetstranda kjem ein til jordbruksbygda Røyset. Her er gardsbruk som driv med mjølkekyr, hytteutleige og maskinentreprenør. Frå denne bygda dagpendlar det fleire til arbeid på fastlandet.

Vikja ligg fint til ved storhavet, 4,7 km frå ferjekaia i Barmen. I den idylliske bygda er der både mjølkebruk og turistverksemd.

Fjellet, eller Myklebust, ligg 130 m.o.h. og 4,5 kilometer frå ferjekaia i Barmen. Her bur det både skuleborn og vaksne som pendlar til fastlandet kvar yrkedag. Her er det gjestehus med matservering, den største besteninga av gammalnorsk spælsau i regionen, hytteutleige, grendahus og eit lite medieselskap.

Barmen er kåra til det mest attraktive friluftsområdet i Selje kommune. Den høgste fjelltoppen på øya, Skjolden (545 m.o.h.) er eit populært turmål i regionen og er på turprogrammet til Ytre Fjordane Turlag.

Web: Barmen.no

Relaterte sider