flatraket

Flatraket

På Flatraket vil du møte ei lita, idyllisk og koselig vestlandsk perle av ei kystbygd omkransa av røff natur! Ein "innfødt" ville vel ha sagt: "Flatraksbygda er ei perle kan vel hende"…

Bygda kan med si plassering i det ytre havgapet tilby mange fine naturopplevingar. Her er enkelt og greit fin og røff natur i form av hav og fjell. Det er gode høve for båtliv og fritidsfiske i havet, der det til tider barske storhavet ventar rett utanfor bygda. I fjella rundt finn ein mange fjellturer. Særskilt på ein fin sommardag er naturen og ikke minst solnedgangen eit fint skue.

Her er båthamn med molo og gjestebrygge for dei som kjem båtvegen til bygda og for badeglade er her nokre småstrender.
Når haust- og vinterstormane herjar står havet i opprør og havet er då skremmande og vilt. Alle har nok høyrt veirmeldinga melde om storm ved Stadt. Da Flatraket har Stadthavet som «nabo» merkast veiret godt i bygda når uværet herjar.

Frå bygda ser ein mot øya Silda, Stadlandet, Skongenes, Sildegapet og det ope hav. Det er heller ikke lang veg til øya Barmen eller Venøy. Håvik, Nordpollen, Kvernevika, Vetrhus og Barmsund er andre stadar langs fylkesvei 618 køyreretning Selje. Etter tunellen ved Gangeskaret i køyreretning mot Måløy og Nordfjordeid møtar ein på grendene Straumen og Sørpollen.

Tradisjonelt har fiske og landbruk vært sentrale næringsveier for Flatraket. Som besøkande i bygda kan ein bli ganske imponert over korleis folk klarte å livberge seg i gamle dager av både gårdsdrift og fiske. Gårdsbygningane i området er ikkje store og ser tungdrevne ut i høve dagens standard. Naturen er også lite tenleg til landbruksaktivitet med sine bratte skråningar og fjell. Dei tradisjonelle båtane som har blitt brukt til fiske er også små og lite effektive i høve dagens moderne fiskebåtar. Bygdas største arbeidsplass i dag er AS Fiskevegn. Flatraket har skule, SFO og barnehage og kolonialbutikk (Joker).

Relaterte sider