Dagsturhyttene i Stad

Sjøglytt

ligg på Risnakken, rett over Selje sentrum.

Tilkomst og parkering Du kan parkere i Selje sentrum, ved skulen eller eventuelt ved Kyrkjevegen Næringsbygg. Kjem du padlande, kan du parkere kajakken ved servicebygget/Seljesanden, eventuelt med flytebrygga i småbåthamna.

Ankomst ved kollektivtransport Buss: Gå av ved busskuret ved Selje skule. Båt: Gå frå kaia mot Seljesanden. Då ser du løypa rett fram.

Stien til hytta Turen startar i Skogaveien ved doktorgården. Du går ca. 100 meter på vegen i retning mot kyrkja. Då vil du sjå skilt og starten på trappa mot Risnakken på høgre side av vegen. Det er bratt, men gode trappetrinn. Løypa er lyssett og kan nyttast heile året. Frå Risnakken er det merka sti vidare mot Kvenshusdalen (der er fiskevatn) og vidare til høgaste toppen i Selje: Tarvaldseggja. Du kan også ta det som ein liten rundtur. Det går sti frå Risnakken og vidare bak mot Djupedalen. Denne stien blir snart oppgradert til turveg, slik at endå fleire kjem seg opp til dagsturhytta og får sjå den fantastiske utsikta. På Risnakken er det også utandørs treningsapparat, ein gapahuk og leikeområde. Og ikkje minst ei fantastisk utsikt mot Selje sentrum, sanden, Selja, Stadhalvøya og Stadthavet.

Avstandar Hytta ligg på om lag 135 moh. Turen opp tek 10–30 minutt avhengig av tempo. Det er 0,7 km ein veg.

Naustdalskamben

ligg om lag midt i mellom Stårheim og Nordfjordeid og har utsikt både inn til Nordfjordeid sentrum og utover Nordfjorden.

Tilkomst og parkering Parkering ved næringsområdet på Reset, ved Haugen skule eller ved Stårheim stadion, avhengig av kva rute du vel til hytta. Følg rv. 15 for å kome til alle tre start moglegheitane.

For å kome til Reset kan ein enten kjøyre Bjørhovdevegen eller følge fv. 5747 Hjalmavegen. Begge vegane blir samla i eit kryss på Hjelmeland. Her tar du av til Remmedalen. Følg denne vegen til det er skilta til parkering for dagsturhytta.

Stien til hytta Det er fleire ulike stiar som fører til Naustdalskamben: Frå Reset i Hjelmelandsdalen: sjå kart over ruta på UT.no. Dette er den slakaste og mest familievennlege ruta. Følg grusvegen innover i næringsområdet, og der vegen sluttar, startar stien. Merking med raude stikker på velbrukt sti første 500 m, så på traktorveg fram til du møter stien frå Grøthaug / Haugen etter 1,5 km. Frå denne opne plassen i skogen er det god sti heile vegen vidare opp til toppen. Stien er velbrukt og lett å finne. På toppen flatar det ut og vert litt myrlendt siste stykket fram til hytta. Turen er 3,2 km i alt.

Frå Haugen skule: sjå kart over ruta på UT.no. Parkering ved Haugen skule. Turen er 2 km på asfalt og 2 km på sti.

Frå Torvik på Stårheim: her er det ein nyrydda og merka sti. Parkering ved Stårheim stadion. Startpunkt på ei bru over elva ved kraftverket. Det er merka med blå stikker heile vegen til topps.

For ein kort, men bratt alternativ er det markert stistart ved Naustdal langs rv.15 i 80-sona mellom Stårheim og Haugen.

Avstandar Mellom 45 min og 1,5 time avhengig av utgangspunkt og tempo. Hytta ligg på 475 moh.