Aardalen

Garden Aardal ligg veglaus til, i eit mektig natur- og kulturlandskap, med utsikt rett mot klosterøya Selja.

Garden vart fråflytta så seint som i 1957. Etter den tid har det vore sparsamt med vedlikehald på bygningane, og driftsbygningane er dessverre borte alt.

Garden Aardal er eit typisk vestnorsk gardstun, med historie langt attende i tid. Det har vore svært karrig jord og tungt å hauste mellom steinurene, men dei gode fiskeområda rett utanfor har vore ei viktig næringskjelde. Garden hadde óg husmannsplass – Rydjajorda. Det som gjer tunet spesielt i dag er at det ikkje har vore maskinell drift i det heile og bygningsmiljø og kulturlandskap er difor svært autentisk.

Dei to våningshusa på tunet står på høge steinmurar med kjellarrom under. Begge er sannsynlegvis oppført etter 1850, men tømmerkjernen kan vere gjenbruk frå bygningar som stod der frå før.

Geitafjøsen er ein 1-etasjes bygning, bygd i stein og er spesielt interessant fordi fjøsinventaret er autentisk og intakt.

Bøane i Aardalen er endå for ein stor del fin natureng, takka vere beiting. Våren er ekstra fin med hundretals bukettar med kusymre i skråningane. Oppunder fjellet står ein fin lerke- og furuskog. Ei elv deler bruket.

Frå Skårbø, som ligg 5 km frå Selje sentrum, er det ein kort tur i lett terreng ut til Aardal. Turen er i seg sjølve ei oppleving. Stranda utover er sørvend og lun, noko som pregar vegetasjonen. I fjøra er det fine steinheller, svaberg, kulpar og rullestein.

Web: www.aardalensvenner.org + leksikon.fylkesarkivet.no/

Relaterte sider